humaniora
Eg melde meg, og greip ordet, seier forfattar og professor Tore Rem. Nyleg har han gitt ut endå ei bok, men han har òg fått beskjed om at den alvorlege sjukdommen kjem snikande tilbake.
Tore Rem er tilbake som forskar i Oxford. Kanskje for siste gong
Oxford (Khrono): Tore Rem spring ikkje lenger til bussen.
Han går heller ikkje på dei høgaste toppane, og helst ikkje utanfor område med mobildekning.
«Fallet er et forvarsel om at sluttspillet er nådd. Det er dette hjertet. Det har det enkelt, har jeg lest. Det bare slår og slår, og så stopper det. Men av og til begynner det heldigvis på nytt. For plutselig våkner jeg, og det meste tyder på at jeg er i live».
Dette skreiv professoren — og forfattaren — i jubileumsskriftet då Forfatterlandslaget i fotball feira ti år i 2018. Då var det fire år sidan den dagen der alt endra seg.
Han datt rett og slett om på fotballtrening — med Forfatterlandslaget.
— Det hadde vore fint om det berre var eit infarkt, seier Rem, noko tørt.
Det viste seg å vera karidal sarkoidose, ein sjeldan, truleg autoimmun sjukdom, kjenneteikna ved betennelsar i hjartemuskelen og påfølgjande rytmeforstyrring. Sagt med andre ord: Fleire år med mange netter på sjukehus, mykje medisin, mykje dramatikk.
Så kom nokre gode år. Men i vår endra noko seg igjen.
Forskingstermin i eit år
Det er sein november i Oxford. Tore Rem, professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo (UiO) og direktør for den tverrfaglege satsinga UiO:Demokrati, har forskingstermin eit heilt år. Han er attende der han var seint på 1990-talet. Då hadde han ei femårig stilling ved Christ Church; colleget der Alice i eventyrland vart skrive, scener frå Harry Potter-filmane er spela inn og der ein har ein eigen katedral, med gutekorsong kvar ettermiddag.
No held han til på All Souls College, berre nokre minutts gonge unna. Dei ligg som perler på ei litt krøllete snor, collega som utgjer Universitet i Oxford.
Det handlar om tilhøyrsle, seier Rem. Han vurderte Harvard eller Berkeley, men fann ut at det var i Oxford han ville vera. Her kjenner han biblioteket, her har han nære venner og eit stort nettverk. Vegen til Oslo og dei legane som følgjer han opp er heller ikkje så lang. Sjukdommen kom nemleg snikande tilbake, med aukande aktivitet. Professoren får igjen tung kortisonbehandling, kombinert med immunsupprimerande legemiddel — noko han er fullt klar over at er synleg reint fysisk.
— Dette er ei av dei siste moglegheitene eg har til å reisa ut som forskar. Og då ville eg heller vera her enn ein annan stad.
Lyden av pappa
Gjennom åra med sjukdom har det vore særleg to ting som har vore viktige: Det aller viktigaste var sjølvsagt å få sjå barna veksa opp. Dei var berre seks og ti år gamle då faren vart sjuk.
Det andre har vore å skriva.
— Det var ein stor fordel for meg i dei verste sjukdomsåra at eg ikkje måtte vera på ein fysisk arbeidsplass. Så snart eg klarte, kunne eg lesa litt, eg kunne notera litt i margen. Å kunne jobba og forska har vore viktig for meg. Eg er privilegert som har eit arbeid eg trivst med, som gir glede.
— Men dersom du hadde hatt ein fysisk krevjande jobb hadde du vel vore ufør?
— Ja, utan tvil. Det var det så avgjort snakk om no òg, seier Rem.
Teksten frå Forfatterlandslaget sitt jubileumsskrift er ein av svært mange han har samla i boka Ironisk nok, som kom ut i haust. Boka var trykkeklar før han fekk vita at det var ny sjukdomsaktivitet, og han skriv mellom anna:
«Dette utvalget av tekster representerer om lag 30 års liv i skrift. Men for meg er det kanskje like viktig at det i år er ti år siden jeg ble gjenfødt, det vil si fikk livet tilbake, om enn sakte, men usikkert, etter ikke bare én, men diverse nær-døden-opplevelser, gjennom dramatiske sykdomsår. Utvalgte tekster som takk for livet, som for å trosse døden. Det passer fint. Dét er også̊ noe av det språk og tekster kan gjøre».
Skrive har han altså gjort stort sett heile livet, og sidan han var student har han skrive tekstar som andre har fått høve til å lesa. I tillegg vart han professor allereie som 36-åring.
— Har døgeret ditt fleire timar enn det har hos oss andre?
— Det let seg jo ikkje gjera å gjera dette innanfor normalarbeidstid, det gjer jo ikkje det, seier Rem, og fortel om då dotra var lita: Faren var vekke ein kveld, mor skulle legga, men barnet fekk ikkje sova: «Eg får ikkje sova utan lyden av pappa», sa ho. Då var det lyden frå tastaturet i naborommet ho sakna.
Rem seier at han i periodar har hatt permisjon frå professorstillinga for å kunne fullføra bokprosjekt.
— Men for meg har det vore viktig å gjera begge deler, forsking og skriveprosjekt som når fram til fleire. Eg er ein del av eit internasjonalt forskarfellesskap, og synest det er viktig å skriva for eit spesialisert publikum. Men som humanist, i Noreg, er det òg viktig for meg å vera ein del av den norske offentlegheita.
Biografen
På lista over bøker står biografi om kong Olav V, Jens Bjørneboe og Knut Hamsun.
Kong Olav-prosjektet fekk skryt i Morgenbladet i 2020: «Prosjektet er dessuten enda et trinn opp på ambisjonsstigen i den ikke-akademiske delen av Rems forfatterskap. Bak seg har han en lysende god tobindsbiografi om høstens 100-årsjubilant Jens Bjørneboe og en øyeåpnende bok om Knut Hamsuns besøk hos Adolf Hitler», heitte det i meldinga.
— Den nyare norske biografien har vorte fornya både frå forskingssida og frå journalistar, dei siste ofte med eit tydeleg «eg». Mitt mål har vore å koma det litterære i møte frå forskingssida. Men eg ville ikkje berre formidla forskingsresultat, eg vil at lesaren skal gjera noko av arbeidet sjølv, seier Rem.
— Eg har tilstreba «showing» snarere enn «telling», og slik skil kanskje desse biografiane seg frå meir tradisjonell forskingsformidling.
Han har vore oppteken av å ikkje berre skildra personane, men òg tida dei levde i. Bjørneboe, som gjekk frå å vera ein overklassegut og som gjekk via Steinerskolen til å enda som anarkist. Kong Olav som vart fødd særs nær Viktoria-tida, men som levde inn i oljetida, i det moderne og egalitære Noreg.
Og så Knut Hamsun. I Reisen til Hitler skildrar Rem møtet mellom Knut Hamsun og Adolf Hitler sommaren 1943.
— Etter Tore Rem si bok er det vanskelegare å bortforklara Hamsun sin verdi i nazismen si teneste, skreiv NRK sin meldar.
Sjølv skreiv Rem i Vagant i 2015 at det ikkje handlar om å vera for eller mot Hamsun sin litteratur: «Selvsagt finnes fremdeles de som mener at slike bøker ikke bør skrives, at man bør unngå at noe forstyrrende griper inn i lesningen. Men jeg har håp om at det fremover skal være mulig å innta min type dobbeltposisjon: at en verdsetting av forfatterskapet kan kombineres med en åpenhet mot historien, også dens vanskeligste øyeblikk og begivenheter».
— Når ein publiserer noko offentleg, veit ein jo at nokre tema gjer at reaksjonane kjem. Kva får du av tilbakemeldingar når du skriv om Hamsun?
— Då får eg mykje. Både frå dei som meiner noko om historia og dei som vil seia noko om lesaropplevinga. Og så får eg dei eg nok vil kalle «Hamsun-apologetane», dei som seier seg useieleg trøytte av «meir nazi-mas frå Rem».
Romane Sult, Pan og Mysterier kom tidleg i Hamsun sin forfattarskap, og då hadde han sjølvsagt ikkje rokke å bli nazist, minner litteraturprofessoren om, men ein kan sjå ein tydeleg modernitetsskepsis. Markens Grøde frå 1917 er langt meir problematisk, meiner Rem.
Han kallar Hamsun eit nasjonalt traume.
— Dei beste tyske forfattarane forsvann, dei rømte og valde eksil. Hamsun stilte opp for Nazi-Tyskland på ein måte som ingen andre med hans status gjorde. Ein må hugsa at han vart dyrka som den nye Goethe.
Alltid i krise?
Krig. Opprør. Autokratisering. Steile politiske frontar. Det kan vera éi oppsummering av tida me lever i.
— Å utvikla teknologi og våpen er ikkje nok. Eller medisinar, for den saks skuld. Ein må forstå dei menneskelege faktorane, seier Tore Rem.
Han var med i gruppa som skreiv rapporten Hva skal vi med humaniora? i 2014, og frå 2019-2023 var han direktør for UiO:Norden. Undervegs leia han arbeidet med å utvikla ei ny tverrfagleg forskingssatsing, og frå januar 2023 har han leia UiO:Demokrati, som han har permisjon frå medan han er i Oxford.
— Med begge desse satsingane, som særleg er prega av humsam-faga, men som òg har deltakarar frå medisin og matematiske og naturvtiskapelege fag, har me mellom anna prøvd å få til det som humaniorarapporten peika på: Ingen fag bør reduserast til hjelpevitskapar som er nyttige av og til. Me treng humaniora og samfunnsvitskap til å kunne forstå: Korleis agerer menneske i møte med til dømes krig, i møte med kunstig intelligens og med miljøkatastrofer? Og korleis skal ein få samfunnet med på eit skifte til grøn teknologi? Kva er dei menneskelege, dei kulturelle og samfunnsmessige faktorane?
Ti år seinare seier Rem at då dei jobba med humaniorarapporten, fann dei ut at historisk sett så har ein nesten alltid snakka om at humaniora er i krise.
— Me må verta flinkare til å artikulera kvifor me bør vera her. Ein kan ikkje ta desse faga for gitt — då vert dei lagde ned, seier han, og held fram:
— Svein Mønnesland var den einaste professoren med kompetanse i serbokroatisk og vart ei viktig stemme for at ein kunne forstå det som skjedde i Jugoslavia på 1990-talet. Og kven hadde kunnskapen til å opplysa oss etter 22. juli eller 11. september? Me vert eit fattig samfunn dersom me ikkje har ein kunnskapsberedskap som går ut over det me trur me treng nett no.
Apropos 22. juli. Korleis lærer ein ein ny generasjon om det som skjedde denne dagen — ein generasjon som var fødde, men for unge til å forstå? Rem seier at noko av det som har imponert han mest i arbeidet med UiO: Demokrati, er møta med og samarbeidet med dei som dagleg møter barn og unge: Utøya AS, Nobels Fredssenter, Holocaust-senteret, 22. juli-senteret og 10. august-stiftelsen.
— Me må snakka om den nære arven, me må diskutera verdiar. Desse aktørane møter barn og ungdom som stiller spørsmålet «kvifor». Og dei som møter barn og unge, dei treng kunnskap, dei treng forskinga, seier Rem.
Han uroar seg for unge menn som ikkje nyttar røysteretten sin. Samstundes ser han at unge nyttar andre arenaer for deltaking i demokratiet.
— Me som er ein del av eliten har noko å stå ansvarlege for. Folket må respektera demokratiet, men demokratiet må òg hugsa å respektera folket.
— Hugs på humpane
All Souls er eit college utan studentar. Her er det berre forskarar, såkalla Fellows. Dei vert tekne godt vare på: Her får ein lunsj og middag kvar dag, og til ettermiddagsteen er det alltid minst to heimebaka kaker å smaka på.
Tore Rem viser veg til The Senior Common Room ved Christ Church, ein av stadane der tilsette kan slå seg ned med kaffi og aviser. På veggen heng eitt av dei mange kunstverka ein finn ved Universitetet i Oxford, eit assyrisk relieff som er sagt å vera verd mange titals millionar kroner.
Med to artiklar på trykk i veka i aviser i periodar, først i Dagbladet frå tidleg 2000-tal, har Rem vore produktiv heile sitt vaksne liv. Men vegen har ikkje vore fullt så enkel som det ser ut til, seier han.
— Medan eg tok cand.mag.-graden prioriterte eg å spela teater. Men eg sette alt inn på hovudfaget, seier han, og fortel at det var det arbeidet som i si tid gjorde at han fekk stipend for å reisa til Oxford. Doktorgradavhandlinga handla om Charles Dickens. Rem har tidvis vore streng med seg sjølv og kritisk til eige arbeid, seier han. Og også han har fått avslag og negative tilbakemeldingar.
— Som eg plar seia til unge forskarar: Det kan sjå ut som om alt har gått på skinner. Men det kan vera nokre humpar òg, også for dei som synest å ha lukkast, hugs det!
Fersk prisvinnar
I haust vart det kjent at Tore Rem får Det Norske Videnskaps-Akademi sin Humsam-pris for 2025.
— Tore Rem er en framifrå tverrfagleg forskar og offentleg intellektuell. Spennvidda hans er imponerande, og det store engasjementet for forsking og det tverrfaglege er ein stor inspirasjon for alle, sa Terje Lohndal, visepreses i Det Norske Videnskaps-Akademi, då det vart kjent at Rem får prisen.
— Ei utruleg fin stadfesting, seier Rem sjølv.
— Det er flott å få ein pris for breidda av det eg har gjort som forskar.
Han har vore oppteken av det tverrfaglege lenge før han vart direktør for dei store, nettopp tverrfaglege, satsingane, og han skryt av forskargruppene han sjølv har vore ein del av.
— Der lærte eg å gå i genuin dialog med folk frå ganske andre fag og disiplinar enn mine eigne. Det er meiningsfullt, seier han.
Om seg sjølv seier Rem at han vel har ein typisk middelklassebakgrunn.
— Men eg hadde ikkje noko akademisk nettverk då eg vaks opp. Eg kom frå Hamar til Oslo, og det kjendest ikkje naturleg for meg å koma til HF. I alle fall kjende eg ingen der — dei skuleflinke på Hamar reiste til Trondheim for å studera.
— Ein har dei professorane som aldri formidlar, og så har ein dei som formidlar og meiner noko om alt. Kva type er du?
— Eg meiner nok av og til noko på metanivå, men elles formidlar eg stort sett det eg veit noko om. Eg meiner at ein har eit ansvar for å formidla. Norsk er eit lite språk, og eg er tilsett ved eit offentleg og statleg finansiert universitet.
Slik vart han debattant
«Jeg tilbrakte åra 1994—2001 i England, men etter et drøyt år hjemme i Norge, hadde jeg i 2003 fått nok erfaringer med den nye «Kvalitetsreformen» til at jeg følte meg meningsberettiget», skriv Rem i den siste boka si.
Temaet er universitetsliv, og Rem skriv her at det var ein universitetsdebatt som vart hans eigentlege debut som debattant. Debatten om kvalitetsreforma gjekk ei god stund, og Rem fekk mellom anna merkelappen «sutrete.»
«Jeg mente, da som nå, at kritisk burde være et honnørord, ikke minst i universitetssamanheng. Én lærdom gjennom disse langtrukne debattene var samtidig at det er forskjell på å være intellektuell og universitetsansatt. En god del av mine kollegaer tilhørte den siste gruppen; de ville ha ro på arbeidsplassen, de ville arbeide videre i fred. Noen få var ideologisk investert i reformen, eller de hadde som ledere påtatt seg oppdraget med å innføre den, og ble dens forsvarere», skriv han.
— Du har gripe ordet?
— Eg melde meg til teneste — og greip det.
Nyeste artikler
Norli Akademisk åpnet på Blindern. — Universitet og bok hører sammen
Det finnes ikke én måte å «ruste» studentene for «det de vil møte i skolen»
Høyere strykprosent i matte for lærerstudenter, men flere som kontet
Krise, utviklingsarbeid og KI
Holder åpent, men oppfordrer studenter og ansatte til å være forsiktige
Mest lest
Finland svartelister 271 tidsskrifter
Foreslår å legge ned landets lærerutdanninger: — Det er skolekrise
Big Daddy Karsten (36) blir student igjen: — Men det er SÅ vanskelig å passe inn
Akademikere i møte med total kunnskapsløshet
Skuldingar om juks har hange over professoren i fire år. No skal høgskulen ta stilling til saka