Høgskulen på Vestlandet

Skuldingar om juks har hange over professoren i  fire år. No skal høgskulen ta stilling til saka

— Det har vore veldig mange publikasjonar å gå gjennom, seier prorektor Christine Øye ved Høgskulen på Vestlandet.

Prorektor for forsking, Christine Øye, meiner Høgskulen på Vestlandet har hatt nokre hol i retningslinjene for forskingsetikk. Dei er no tetta og utbetra, forsikrar ho.
Publisert Sist oppdatert

Skuldingane mot professoren, som har lege som ein verkebyll ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) i meir enn fire år, nærmar seg no ein konklusjon. Det stadfestar prorektor for forsking, Christine Øye.

Professoren skal ifølgje skuldingane ha fabrikkert og forfalska forskingsartiklar i stort omfang. Sjølv har professoren avvist det heile, og han uttalte til Khrono i fjor at hen reknar med at granskinga vil føre til reinvasking. 

Ein ekstern granskingskommisjon som vart etablert på tampen av 2023, skulle etter planen vere ferdig med sitt arbeid før sommaren 2024. Men arbeidet har tatt vesentleg meir tid enn planlagt. Ein grunn er ifølgje høgskulen at det har kome fram fleire mistenkelege artiklar etter at kommisjonen starta arbeidet. 

Først no ligg rapporten på bordet. Saka kan dermed få si avklaring til våren.

— Granskingsrapporten er blitt behandla ved fakultetet og skal opp i årets første møte i HVLs forskingsetiske utval i februar, seier Christine Øye til Khrono.

Ho vil ikkje seie noko om innhaldet i granskingsrapporten.

Tok tid å finne folk

Det blir no opp til det forskingsetiske utvalet å vurdere funna i rapporten. Det blir i sin tur grunnlaget for eventuelle sanksjonar som leiinga ved høgskulen kan rette mot professoren. 

Då vil det ha gått mellom fire og fem år frå dei første bekymringsmeldingane om forskingsjuks vart lagt fram i 2020.

Det vart den gong utarbeidd ein rapport, og det dåverande forskingsetiske utvalet anbefalte å setje i gang ei gransking for å finne fakta i saka. Lite eller ingenting skjedde. I 2022 kom det inn formelle varsel mot professoren.

Først mot slutten av 2023 bestemte HVL-leiinga seg for å granske saka.

Prorektor Øye seier det først tok tid å finne eksterne og kompetente folk til å sitje i den eksterne granskingskommisjonen. Deretter bad kommisjonen om meir tid.

— Det har vore veldig mange publikasjonar å gå gjennom, og dette har tatt tid. Det har også vore viktig å vareta alle involverte. For oss er det viktigaste at det er blitt gjort ein grundig jobb med saka, seier prorektoren.

— Hadde gode retningslinjer

Ifølgje HVLs eigne retningslinjer skal meldingar om moglege brot på forskingsetiske retningslinjer «behandles så raskt som mulig» — «av hensyn til alle involverte».

— Er det akseptabelt å bruke så lang tid på denne saka, med tanke på belastningane det medfører for involverte?

— Nei. Derfor tok vi det veldig alvorleg då det vart framsett nye skuldingar rett før jula 2023.

Øye seier at Høgskulen på Vestlandet no har gjennomført ei rad tiltak for å styrke forskingsetikken.

— Vi har jobba med prosedyrane våre. Vi har sett ned ei implementeringsgruppe i forskingsetikk og etablert forskingsetiske komitear ved alle fakultet. Vi har gitt opplæring til administrativt og vitskapeleg tilsette, og vi har jobba med dei som rettleiar ph.d.-studentar. Vi har også jobba med dette i forhold til HR-avdelinga og mottak av nye tilsette. Vi satsar på forskingsetikk.

— Bygger dette på ei erkjenning av at det forskingsetiske arbeidet ved høgskulen har vore for dårleg?

— Generelt har forskingsetikk og -kvalitet, å sikre tillit til forsking, aldri vore viktigare. Satsinga vår begynte før den omtalte saka kom fram. Dette handlar også om nasjonale og internasjonale føringar. Det den aktuelle saka har gjort er at vi har sett på retningslinjene våre på nytt. Vi hadde rimeleg gode retningslinjer, men ser at der var nokre hol. Det har vi no styrka og utbetra.

Samarbeid med stipendiat

Etter det Khrono kjenner til vart ein ph.d.-student, som den granska professoren samarbeidde med, felt for plagiat i 2023.

Ph.d.-studenten har seinare klaga på avgjersla, og saka, som er sendt til ekstern handsaming, skal ikkje vere avgjort.

Professoren og stipendiaten skal ha samarbeidd om minst 65 vitskapelege artiklar.  

Powered by Labrador CMS