Debatt ● Leiv Sem
Røyndomen er ikkje alltid slik som det ser ut på nettet
Korleis kan ein seie at nettundervisning har same kvalitet som fysisk, spør professor. — Dersom ein byter ut kvalitet med popularitet, opnar det seg fryktelege perspektiv: Kor lågt er denne leiinga villige til å gå så lenge nokon vil kjøpe?
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Leiinga ved Fakultet for lærarutdanning ved Nord universitet har lagt merke til at deira idéar om å flytte lærarutdanninga frå undervisning i klasserom og levande fysiske samanhengar til nett- og samlingsundervisning, ikkje blir tekne imot med godhug i alle lag.
Om sant skal seiast, er det vel slik at desse tankane ikkje slår an hjå nokon andre enn nettopp leiinga av fakultetet. Dette burde få nokon kvar til å reflektere.
Men refleksjon er ikkje nettopp kva som slår ein når ein les korleis dekan og direktør møter til dømes dei lokale rektoranes bekymring. Likevel bør ein legge merke til kva fakultetsleiinga seier, for ytringane er svært karakteristiske — og betenkelege.
Når rektorane skriv at dei er bekymra over relasjonskompetansen til nettstudentar, svarar dekan og direktør at dei «aldri har registrert klager». Slik avfeiar dei altså innspela til ei heil samling av svært røynde skuleleiarar — med eit slags prokuratorknep om at rektorane ikkje har brukt det føreskrivne skjemaet.
Me som er tilsette ved fakultetet kjenner att denne måten å møte motargument på. Denne fakultetsleiinga er nettopp dei same som stadig hevdar at dei tilsette har vori involverte i heile prosessen.
Dei seier i Khrono-innlegget: «Faglige diskusjoner rundt relasjonskompetanse, faglig kvalitet og god veiledning i praksis, ønsker vi alltid velkommen.» Vel, dette har dei faglege tilsette ved deira eigen institusjon ikkje sett mykje til. Gjennom heile prosessen er synspunkta til fagstaben tilsidesett, overhøyrt og marginalisert. Såleis er mottakinga av rektoranes bekymring rein rutine: Leiinga høyrer ikkje etter, for dei har bestemt seg for lengst.
Leiinga høyrer ikkje etter, for dei har bestemt seg for lengst.
Leiv Sem
Og kva har dei bestemt seg for? Leiinga seier «Det viktige for oss er å tilby god kvalitet i alle utdanninger [med] samme krav til kvalitet uavhengig av hvordan studiene er organisert». Det springande punktet er sjølvsagt kva som er kvalitet.
Førre fredag opplevde eg musikkstudentar på Nord som hadde vori på studietur i Serbia. Der hadde dei spelt i lag, lært i lag og levd i lag. Dei hadde fått opplevingar for livet, dei hadde lært om seg sjølv gjennom å møte andre, og dei hadde vori med på å utvikle andre ved å utfalde seg sjølv. Studentane sprudla på scenen, dei hadde vakse og mogna meir enn nokon direktør kan telje med alle sine læringsutbytteskjema.
Korleis kan ein seie at nettundervisning har same kvalitet? Kven vågar ein slik påstand? Neppe den som er lærarutdanna, eller som faktisk utøver lærarutdanning.
Fakultetsleiinga har i staden i lag med sin rektor laga seg eit kvalitetsomgrep som korkje er kvalitet eller omgrep, men i røynda berre eit siffer i ein kolonne. Dei læst som at det er eit kvalitetsteikn ved ei utdanning at den er føretrekt av ein 19-åring som både manglar livserfaring, og heller ikkje har gått på lærarutdanning.
Ikkje eit vondt ord om 19-åringar, men det er universitetet som skal lære studentane kva som er god utdanning, ikkje motsett.
«Vi har drevet med fleksible utdanninger siden 2007» peikar leiinga vår på. Og ja, mange av dei tilsette på lærarutdanninga har lagt mykje arbeid og godvilje i utviklinga av nett- og samlingsundervisning, og kan stolte vise fram kva dei har fått til. Men leiinga utelét å nemne at dei tilsette også heile tida har sagt at nettundervisning ikkje er like bra, og ikkje kan bli like bra, som læringsprosessar danna gjennom faktisk samvære over tid.
Vår motstand er ikkje bygd på frykt for det ukjende eller motstand mot endring, men på røynsle og innsikt i kva god utdanning kan og bør vere. Dersom ein byter ut eit kvalitetsomgrep med popularitet, opnar det seg fryktelege perspektiv: Kor lågt er denne leiinga villige til å gå så lenge nokon vil kjøpe?
Til slutt i deira innlegg får me sjå kor djupt denne trollsplinten stikk i auga deira: «Det er ikke slik at Levanger vil merke stor forskjell på hvorvidt grunnskolelærerutdanningene er organisert som campusutdanning, eller en nett- og samlingsbasert utdanning på campus.» Dei har tydelegvis vandra like blinde og dauve rundt på campus som dei har gjort i møta med dei fagleg tilsette.
Eller kanskje røyndomen ikkje alltid er slik som det ser ut på nettet?
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut