Debatt ● Akademiet for yngre forskarar
Mangfald skjer ikkje av seg sjølv — Kif-komiteen er framleis naudsynt
FrP sitt forslag om å kutte støtta til KiF-komiteen signaliserer at målet om eit meir mangfaldig akademia er nådd. Dette er rett og slett ikkje sant.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Akademiet for yngre forskarar (AYF) registrerer med uro at Framstegspartiet (FrP) ønskjer å fase ut støtta til Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking. Dette skjer i ei tid der mangfald i akademia framleis er langt frå sjølvsagt, og der ulikskapar i representasjon og deltaking held fram med å prege sektoren. Likevel framstiller FrP komiteen som noko som ikkje trengst lenger.
Sidan 2004 har Kif-komiteen vore ein viktig pådrivar for å fremje mangfald, kjønnsbalanse og inkludering i forsking og høgare utdanning. Komiteen har ikkje berre sett mangfald på dagsorden, men også bidrege til konkrete tiltak og forsking på kva som fungerer for å fremje mangfald og inkludering i sektoren.
Det er framleis store manglar i kunnskapen knytt til dette feltet. Til dømes veit vi ikkje nok om kvifor akademia er så demografisk homogent slik tilstanden er i dag.
AYF sin rapport Rom for mangfold i akademia, syner at akademia framleis slit med å skape eit inkluderande miljø for alle, og at det framleis er utfordringar knytt til kjønn, innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, svangerskaps-/ foreldrepermisjon og anna. Mangfald dreier seg om representasjon, og er også viktig for å sikre perspektivbreidde og nye løysingar i forskinga.
Særleg yngre forskarar møter strukturelle barrierar som hindrar at akademia blir ein sektor som speglar mangfaldet i samfunnet. Rapporten vår samsvarar med funn frå andre studiar, som stadfestar at mangfald ikkje skjer av seg sjølv. Derimot krev mangfald systematisk og langvarig innsats, og utfasing av KIF-komiteen vil representere eit skritt bakover i mangfalds- og inkluderingsarbeidet.
Særleg yngre forskarar møter strukturelle barrierar som hindrar at akademia blir ein sektor som speglar mangfaldet i samfunnet.
Fløgstad, Holte og Berge
Kif-komiteen har vore ein uavhengig aktør som kan rette merksemda mot slike strukturelle problemstillingar. Dette gjer at dei kan utfordre institusjonane og kome med konkrete anbefalingar. I tillegg har komiteen vore ein viktig kunnskapsbank, som har delt innsikt og erfaringar med sektoren. Å fjerne denne ressursen vil svekke arbeidet med mangfald, ikkje berre på nasjonalt nivå, men også lokalt, der institusjonar ofte manglar kapasitet og kompetanse til å følgje opp slike spørsmål på eiga hand.
Som nemnt er ikkje eit mangfaldig akademia noko som skjer av seg sjølv, men noko som krev ressursar, kompetanse og ei klar politisk prioritering. Kif-komiteen har vore instrumentell i dette arbeidet, og det vil vere eit steg i feil retning dersom støtta blir fasa ut.
I staden burde regjeringa styrke satsinga på mangfald og inkludering, og sikre at komiteen får dei verktøya som trengst for å halde fram med å utfordre, inspirere og støtte sektoren.
FrP sine prioriteringar er ikkje berre urovekkande med tanke på avvikling av Kif-komiteen sitt viktige arbeid. AYF registrerer også at FrP legg opp til ein gjennomgang av forskingsmidlane og ønskjer å «[...] fokusere på forskning som er mer i tråd med behovet i samfunnet[...]».
På same måte som det er vanskeleg å føresjå samfunnet sine behov ut frå dagens situasjon, er det jamvel vanskeleg å sjå kva for likestillingsutfordringar vi vil møte i framtida. AYF ønskjer difor å peike på viktigheita av å verne kring den akademiske fridomen og mangfaldet i akademia i ei tid der sektoren står under press.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut