Krisepakke
Krisemilliard til studentane
Ap, Sp, SV og Frp blei måndag kveld einige om ein ny krisepakke for studentane.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Stortinget ber regjeringen raskest mulig opprette en krisestøtteordning for studenter som har opplevd inntektstap grunnet koronapandemien i vårsemesteret 2021. Ordningen skal være mer tilgjengelig og ha en høyere stipendandel enn ordningen våren 2020 og ta utgangspunkt fra en ramme hvor stipendene utgjør 1 mrd. kroner»
Slik blei vedtaket då opposisjonen i Stortinget landa ein ny krisepakke for studentane måndag kveld. Og dermed tok dei innersvingen på regjeringa som har varsla ein krisepakke «for studentar som treng det» sidan i desember.
Ap: Har venta lenge nok
— No har studentane venta lenge nok, med dette vedtaket får vi raskast mogleg på plass ein studentmilliard, og krisehjelp til alle dei studentane som har mista inntekt, og som har slite i lang tid. Vi forventar at regjeringa har på plass ei ordning innan få veker, det hastar å få på plass ei ordning, seier utdanningspolitisk talsperson i Ap, Torstein Tvedt Solberg.
— Denne krisepakka sikrar at studentar som stod i fare for å måtta slutte på studiet sitt no når inntekta forsvann og sparepengane var brukte opp, kan fortsetja og fullføra utdanninga si, seier han.
Studentmilliard!— No har studentane venta lenge nok, med dette vedtaket får vi raskast mogleg på plass ein studentmilliard, og krisehjelp til alle dei studentane som har mista inntekt, og som har slite i lang tid, seier @TorsteinTS til @AvisenKhrono. https://t.co/Ih4B4WHULb
— Ap_utdanning (@Ap_utdanning) January 19, 2021
Krisepakken til studentane er ein del av ein større pakke som opposisjonen blei samde om måndag kveld.
Studentleiaren jublar
Andreas Trohjell, leiar i Norsk studentorganisasjon er særs nøgd.
— Nøgd med summen, men også med innretninga?
— Ja, det ligg viktige føringar her: «Raskast mogleg» og «høgare stipendandel», i tillegg til summen, seier han.
— Og kor raskt er raskast mogleg, tenkjer du?
— Det må vere på plass seinast innan utgangen av månaden. No har Stortinget gjort sitt, så no må regjeringa levere, seier Trohjell.
Frp-Steffensen: Fantastisk
— Dette er heilt fantastisk. Eg turde ikkje tru heilt på gjennomslag, men jublar no, skriv Roy Steffensen (Frp) i ei melding til Khrono måndag kveld.
— Her har regjeringa somla for lenge og ikkje klart å levere ei pakke til studentane, og då er eg svært glad for at opposisjonen finn saman, seier han.
Og leiaren i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget legg til:
— Andreas Trohjell lova meg kake i forrige veke då Siv og eg møtte han, viss vi fekk det igjennom. Så no gler eg meg til å sjå kva for ei kake ein får for 1 milliard, seier Steffensen.
Og Trohjell lovar via Khrono:
— Eg skal halde kakeløftet viss dette no går i boks!
Då vil han rett og slett dele ut kake til alle opposisjonspartia, seier han.
«Dette trengs», var bodskapen frå dekan ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk ved NTNU, Ingrid Schjølberg, like etter at semja om den nye krisepakken vart kjent.
Dette trengs! https://t.co/TetV6mLJq1
— Ingrid Schjølberg (@SchjolbergIngri) January 19, 2021
Jobba med pakke
I desember sa forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim at regjeringa arbeidde med ein krisepakke til studentar som trong det.
— Vi jobbar med å forsøkje å finne ei løysning for studentar som trenger det. Denne må vere mindre i omfang, men meir målretta enn i vår, sa han den gongen.
Nyeste artikler
Forskning og innovasjon for framtid, nysgjerrighet og nytte
Sintef-sjef og Midtøsten-forsker kan bli Årets trønder
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Disse universitetslederne publiserer minst og mest
Ikke lønnsøkning før i mars og april. Advarer mot skattesmell
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake