studentundersøking

«Ingen» studentar veit kven han er: — Dette er for dårleg

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) har ein plan for korleis han skal bli meir kjend blant studentane i landet.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel, ser gjerne at fleire får augo opp for kven han er.

På denne tida i fjor skreiv Khrono at åtte av ti studentar i Noreg ikkje visste kven dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp) var.

FAKTA

Om undersøkinga

  • Undersøkinga er gjennomført blant eit utvalgpå 1000 studentar i Noreg i alderen 18 år og eldre, som er trekt blant deltakarane i eit webpanel. 
  • Datainnsamlinga blei gjennomført frå 25.10. til 11.11.2024. Resultata er vekta etter kjønn og alder blant studentar.
  • Med eit utval på 1000 personar varierer feilmarginane i denne undersøkinga frå 1,9 prosentpoeng ved ei 10/90-fordeling til 3,1 prosentpoeng ved ei 50/50-fordeling.
  • Undersøkinga er gjennomført av Sentio for Norsk studentorganisasjon (NSO) og Khrono.

Sidan den gong er Borch bytta ut med Oddmund Hoel, og i ei ny spørjeundersøking frå Sentio, har 1000 studentar i år fått det same spørsmålet: Kjenner du navnet på ministeren med ansvar for høyere utdanning?

Der 16 prosent svarte rett i fjor, altså Sandra Borch, er det berre 12 prosent som har peikt ut Oddmund Hoel i år.

Det vil seie at berre om lag 1 av åtte studentar veit namnet på statsråden.

I fjor svarte 78 prosent at dei ikkje visste kva statsråden heitte, medan 80 prosent vedgår at dei ikkje veit i år. 8 prosent prøver seg, men svarer feil. 7 prosent svarte feil i fjor.

— Dette er for dårleg, både av meg og av Noregs studentar! melder Oddmund Hoel til Khrono etter å ha fått lagt fram resultata frå årets undersøking.

— Ikkje Vedum

Når Khrono sjekkar politikarkjennskapen blant studentane på OsloMet, er det berre  Sandra Borch dei kan namnet på.

– Var det ho som fekk sparken? Sandra … seier Sara Vegsund. Dei andre studentane supplerer: Borch. Og dei nikkar, Sandra Borch har dei høyrt om.

Men kva den noverande statsråden heiter er verre.

– Eg trur eg har sett han, men eg veit ikkje kva han heiter. Brunt hår, ikkje så høg. Det er eigentleg alt eg hugsar. Veit de kva han heiter? spør Sandvik medstudentar som kjem gåande.

— Ikkje Vedum, seier éin. 

— Dette burde vi vite, mumlar det i bakgrunnen. 

Når Khrono avslører namnet på forskings- og høgare utdanningsministeren, er det tre av studentane som hevdar at dei har høyrt namnet Oddmund Hoel før. Men dei har ikkje noko inntrykk av kven han er.

Frå venstre Lea Sandvik, Yasmin El Bakkouchi, Sara Vegsund (ryggen til) og Aminda Syverud. Studentar ved OsloMet, var i tvil om kven Oddmund Hoel er.

«Verdens kjedeligste mann»

Frå hausten 2021 til januar i år var Oddmund Hoel statssekretær, først for Ola Borten Moe, og deretter for Sandra Borch, som begge måtte gå av etter å ha vore del av relativt kontroversielle saker.

Etter desse sakene valde statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) den opphavlege trønderen Oddmund Hoel, som sidan 2000 har vore busett i Luster kommune i Sogn.

Utnemninga blei i stor grad møtt med positive tilbakemeldingar frå mange i universitets- og høgskulesektoren, og politisk redaktør i Nettavisen, Erik Stephansen, meinte han gav Hoel eit kompliment då han kalla han for «verdens kjedeligste mann» i ein kommentar.

Kanskje er det nettopp det som har gjort at endå færre studentar no veit kven som styrer forskings- og høgare utdanningsskuta i landet? Kven veit …

Skal gjere sitt

Overfor Khrono er Hoel tydeleg på at han gjerne skulle sett at fleire studentar visste kven han var.

— Ein skulle tru at dette var eit standardspørsmål på student-quiz rundt i landet. Så her forventar eg at quizmasterar kjenner seg kalla, seier ministeren med glimt i auga.

— Og så skal eg gjere mitt for at endå fleire studentar kjenner til kven eg er, legg han til.

På oppfølgingsspørsmål om korleis han har tenkt å få til det, svarer Hoel at han i første omgang har planar om å møte studentane der dei er.

— Det betyr mellom anna å reise rundt til studiestader i heile Noreg, og vere til stades på ulike arrangement for studentar. Førre veke møtte eg til dømes flystudentar i Bardufoss og ingeniørstudentar i Narvik, seier Hoel.

— Det er det kjekkaste og mest inspirerande eg gjer som statsråd, og for kvart besøk blir eg kjent med fleire studentar, sluttar «verdas keisamaste mann» som «ingen» studentar veit kven er.

Powered by Labrador CMS