oxford
Fekk jobb på prestisje-college: — Ingen grunn til mindreverdskompleks
Noreg er ikkje i forskingsperiferien lenger, seier professor Thomas Hegghammer. Han søkte då prestisjetunge All Souls College i Oxford lyste ut ei ledig stilling. Og fekk jobben.
Oxford (Khrono): I norsk akademia er festen over. Det har opptil fleire statsrådar sagt.
— I Storbritannia ser ein ein fattigdom i akademia, seier Thomas Hegghammer.
For to år sidan vart han så fast tilsett som ein kan, det vil seia i sju år, med moglegheit for å få forlenga, ved All Souls College i Oxford. All Souls har berre forskarar, også kalla Fellows, og det er lite som minner om fattigdom i bygningsmassen frå 1438 med eige kapell, gratis lunsj og middag til alle tilsette kvar dag og kontor med forkontor.
Men All Souls er eit unntak. Colleget er eit av totalt 43 som utgjer Universitetet i Oxford. Kollegieuniversitetet er lagt opp slik at kvar eining har sin eigen autonomi — og sine eigne pengar. Og All Souls har mange av dei.
Avhengig av skulepengar
— Alle collega har gamle pengar, men dei har forvalta dei ulikt, og nokre sit att med mykje meir enn andre. Elles i Storbritannia er det ganske skrint. Ein har lagt opp ein modell der ein er svært avhengig av skulepengar frå utanlandske studentar, seier Hegghammer, og legg til:
— Denne fattigdommen går særleg ut over humaniora.
I vår skreiv Khrono at ein rapport frå Office of Students (OFS), som regulerer høgare utdanning i Storbritannia, slår fast at eit aukande tal universitet går ei tøff økonomisk framtid i møte: Heile 40 prosent av engelske universitet rekna då med at dei skulle gå med budsjettunderskot, og ifølgje rapporten er universiteta for avhengige av inntektene frå studieavgifta frå internasjonale studentar.
Men då statsbudsjettet vart lagt fram i oktober, var det lite jubel å spora hos universiteta.
Den britiske fagforeininga University and College Union (UCU) var blant dei som ikkje var nøgde:
— Dette statsbudsjettet er tynn suppe for dei som jobbar i universitetssektoren. Universiteta treng auka offentleg finansiering for å sikra framtida si som Storbritannia sin siste verdsleiande sektor, men finansministeren leverte ikkje, sa UCU sin generalsekretær Jo Brady like etter at budsjettet var offentleggjort.
Dei flinkaste av dei flinke?
Ved All Souls vert det servert suppe denne dagen. Men ho er på ingen måte tynn, og det er berre ein av fleire rettar dei tilsette kan velja mellom. Veggene i matsalen er dekte av store måleri av tidlegare universitetstoppar, og serveringspersonell syter føre at ein har korrekt bestikk til opptil fleire rettar — til lunsj.
Om kvelden er det middag. Då må ein gå med svart universitetskappe.
Ein er med andre ord ganske lagt unna kvardagen Thomas Hegghammer kjenner frå norsk akademia.
— Eg har jobba på Kjeller, nær skogen i Lillestrøm, i 20 år. Det betyr at ein i akademia ikkje ser så mykje på kor ein kjem frå, ein ser på kva ein har gjort, seier han.
CV-en til terrorforskaren er imponerande: Vidaregåande skule i Frankrike, bachelor- og mastergrad frå nettopp Oxford, doktorgrad frå Sciences-Po i Paris. Men så gjekk ferda heim til Noreg og til Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).
— Kjenner ein på at ein er av dei flinkaste av dei flinkaste når ein er her i Oxford?
Hegghammer tenkjer seg om.
— Kanskje nokre av studentane gjer det. Men dei med livserfaring veit at flinke folk finst mange stadar. Akademikarar veit også at det er substansen i forskinga som tel. Difor kan såkalla bedragarsyndrom vera ei vel så stor utfordring, seier han.
Internt i Oxford-systemet har All Souls lenge vore sett på som det mest elitistiske colleget, mellom anna fordi dei ikkje tar opp studentar.
— Men mykje av den gamle arrogansen er borte, og eg opplever arbeidsmiljøet som svært godt.
Spisse olbogar og dårleg miljø kan ein finna, seier han. Det er mange om beinet, og særleg unge forskarar tener forholdsvis dårleg i Storbritannia.
— Arbeidspresset er høgt. Du finn ein ekstrem sjølvmotivasjon hos dei fleste som jobbar her. Det er ikkje kultur for å halda seg til arbeidstid, og arbeidsgivar treng heller ikkje å krevja det — så lenge ein leverer god forsking.
Samstundes, seier han, snittet av universitet i England er nok annleis enn i den gamle universitetsbyen Oxford.
Den britiske isoleringa
Det var ikkje slik at han ønskte seg vekk frå Noreg. Med to tenåringsbarn og no i tillegg ein baby, var det på ingen måte slik at han søkte det som fanst av stillingar internasjonalt. Men ei stilling ved det prestisjetunge universitetet freista for mykje.
Hegghammer pendla eitt år før resten av familien kom etter. No har dei kjøpt hus, fortel han, og mumlar noko om at ein ikkje er så god på isolering i dette landet.
— Det er sjeldan det er lyst ut stillingar her ved All Souls, og dette var ein veldig bra jobb med mykje forskingstid, ved eit universitet der eg hadde vore student. Eg bestemte meg for å kjøpa eit lodd, seier Hegghammer og humrar.
Sjølve tilsetjingsprosessen gjekk føre seg ved at fleire fagfeller skreiv tilrådingsbrev. I tillegg var det to dagar med intervju før jobben var hans.
Studerte i byen på 1990-talet
Khrono skreiv nyleg om norske studentar som betalar opp mot 400.000 kroner for ei mastergrad frå Oxford. Desse studentane har fått stipend frå Aker som finansierer dei temmeleg stive skulepengane.
Slik er det ikkje for alle, og så dyrt var det ikkje då Hegghammer var Oxford-student på 1990-talet.
— Eg kunne få ekstra støtte frå Lånekassen. Så det gjekk rundt — akkurat.
Han fortel at som tilsett har han nokre andre perspektiv enn då han var student. Den gongen ville han til ein kjend og spanande stad for å studera eit fag, egyptologi, som ein ikkje hadde så mange stader.
— Som student var det mange forbodne soner. Det er mellom anna eit kaffirom for bachelorstudentar, eit for masterstudentar og eit anna for tilsette.
Stort miljø, og nærare USA
Ei større scene.
Slik presenterer Thomas Hegghammer det å vera tilsett ved Oxford.
Han fortel om ein arbeidskvardag der han har færre administrative arbeidsoppgåver, og der det ikkje på same måte som i norsk instituttsektor er forventa at forskinga hans er dagsaktuell.
— Det er intellektuelt skjerpande å vera her, forskinga held eit høgt nivå. Samstundes fungerer Oxford som eit slags bruhovud til USA. Dersom ein eller annan akademisk kjendis skal til Europa, er det lett å få vedkomande hit. Dette gjer det lettare å følgja med på kva som skjer.
Oxford har òg eit stort tilbod av seminar der forskarar presenterer det siste frå sine felt.
— Dette er vanskelegare å få til dersom ein er i periferien.
— Er Noreg periferien?
— Nei, ikkje no lenger. Norske universitet trekkjer veldig flinke folk, seier Hegghammer, og held fram:
— Ein har hatt ei solid finansiering over tid, som få land i det såkalla utlandet har hatt. Norsk akademia har nok i alle fall tidlegare kjent på eit mindreverdskompleks. Det er det ingen grunn til.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut