SDG-konferansen 2021
100 land til konferanse om berekraft. CO2-avtrykk: null
Universitetet i Bergens årlege berekraftkonferanse skal i digital versjon ta opp spørsmål om global ulikskap i lys av pandemien.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er fjerde gong Universitetet i Bergen (UiB) arrangerer den nasjonale berekraftkonferansen, SDG-Conference, og første gong utan klimafotavtrykk. Denne gongen tvingar pandemien konferansen til å bli hundre prosent digital. Det hindrar ikkje at rundt 3000 frå 101 land har meldt seg på for å engasjere seg i diskusjonen om presserande globale spørsmål.
— Verkeleg globalt
— Med så mange påmelde er konferansen eit verkeleg globalt arrangement. I storleik vil den då også ha åtte gonger fleire deltakarar enn dei tidlegare konferansane, seier Bjørn Enge Bertelsen, som er leiar av Global Research Programme on Inequality (GRIP).
GRIP har hatt ansvaret for å leie programkomiteen for årets konferanse.
FNs berekraftmål (Sustainable Development Goals) er fundamentet for arrangementet. UiB er sjølv utpeikt av FN som eit akademisk knutepunkt for eitt av desse måla, berekraftmål 14, som omhandlar liv under vatn.
SDG 2021 tar sikte på å løfte fleire enn dei mest openberre koplingane til og konsekvensane av pandemien vi er inne. «Denne krisa er ikkje berre ei helsekrise. Meir enn nokon gong før har utfordringane knytt til global berekraftig utvikling blitt synlege, og blant desse er ulikskap mest viktigast», heiter det i prosjektnotatet frå arrangøren.
Covid 19 meir enn helse
Hovudinnlegget på første dag av programmet er det den britiske økonomen Kate Raworth som står for. Ho er særleg kjent for omgrepet «smultringøkonomi» (Doughnut Economics) og boka med same tittel, som tar for seg korleis økonomiske system kan bryte ned global berekraft – og korleis vi kan lage system for å unngå det.
Som lokomotiv for ei rad del-arrangement og seminar har konferansen henta inn president i Det internasjonal vitskapelege rådet (International Science Council), Daya Reddy – og direktøren i The African Centre for Cities i Cape Town, Dr. Edgar Pieterse.
Hovudprogrammet går av stabelen torsdag 11. og fredag 12. februar, men allereie onsdag startar som vanleg Day Zero med ulike workshops.
— Meir relevant
— Ved å relatere oss til brennande spørsmål heile verda er opptatt av, har vi gjort oss endå meir globalt relevant enn tidlegare, trur programsjef Bertelsen, som også er professor i sosialantropologi ved UiB.
Nytt av året er også at fleire andre universitetet i Noreg er involvert i programarbeidet, i tillegg til NORAD. Både NTNU, Universitetet i Oslo, Noregs arktiske universitet UiT og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet har plass rundt det digitale bordet.
Trass saknet etter fysiske møter — for eit arrangement som skal handtere globale spørsmål om berekraft er det ikkje feil at klimafotavtrykket denne gongen er nær null.
— Så vidt eg veit er det berre ei einaste flyreise Bergen-Oslo tur-retur som konferansen bestiller for, seier Bertelsen.
**
Retting: Saka opplyste først at det var 2500 påmelde frå 80 land til konferansen. I løpet av føremiddagen 10.2. er talet oppe i 3000 frå 101 land.
Nyeste artikler
«Ingen» studentar veit kven han er: — Dette er for dårleg
Forskning og innovasjon for framtid, nysgjerrighet og nytte
Sintef-sjef og Midtøsten-forsker kan bli Årets trønder
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Disse universitetslederne publiserer minst og mest
Ikke lønnsøkning før i mars og april. Advarer mot skattesmell
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Varslere står fram med alvorlige anklager mot Tromsø-professor