adventsprat
Visjon er viktigare enn person
Johannes Elgvin gjekk frå å vera forskingsadministrativ leiar ved Universitetet i Oslo til å verta direktør ved høgskulen som utdannar folk til kriminalomsorga. Han ynskjer seg ein framsynt statsråd for høgre utdanning.
Khrono har intervjua eit knippe interessante personar i akademia på e-post om året som snart er over og om året som kjem.
Intervjua kan du lesa fram mot jul.
Johannes Elgvin er direktør ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS som ligg i Lillestrøm. KRUS er den einaste høgskulen i landet som tilbyr fengselsbetentutdanning, som er løna. Dei tilbyr også ein bachelorgrad i straffegjennomføring, og kompetansesenteret ved KRUS driv med etterutdanning og kursverksemd for tilsette i Kriminalomsorg og for samarbeidspartnarane deira.
— Kva er det beste og det verste som har skjedd deg i jobbsamanheng i 2024?
— Det verste var å ta farvel med alle gamle kollegaer ved Universitetet i Oslo gjennom meir enn 15 år i ulike leiarroller der. Det beste var å starta på eit nytt og viktig samfunnsoppdrag som direktør for KRUS.
— Kva er det beste og verste som kan skje i 2025?
— Eg held meg til KRUS. Beste: Me startar med omlegging til ei ulønt bachelorgrad som grunnutdanning og får etablert ei desentralisert deltidsutdanning. Dette kan me få til med den same løyvinga KRUS får i dag. Staten får med det større utbyte av investeringa si. Eg håpar regjeringa applauderer ei slik omlegging, sidan det vil løysa kompetansebehovet og bemanningsutfordringa i Kriminalomsorga. Det verste som kan skje vil vera kortsiktige løysingar som reduserer utdanninga og kunnskapsproduksjonen ved KRUS.
— Korleis pregar den økonomiske situasjonen i sektoren arbeidskvardagen din?
— Kanskje den økonomiske situasjonen i sektoren fører til at fleire søkjer seg til KRUS? Me er delvis innlemma i UH-sektoren og underlagd justissektoren. Budsjettet vårt er for stramt, men ei omlegging til ulønt treårig grunnutdanning kan løysa den økonomiske utfordringa vår. Dersom me får klarsignal til å etablera ei desentralisert deltidsutdanning vil me dessutan trenga fleire fagfolk, så følg med på utlysingane som kjem!
— Kven i akademia fortener ei julestjerne?
— Thomas Hylland Eriksen fordi han har bidrege og inspirert langt ut over det ein tenkjer er mogleg, og fordi han har betydd mykje for meg personleg. Som student var eg knytt til eit strategisk forskingsprogram ved Universitetet i Oslo som heitte Kulturell kompleksitet i det nye Norge som Eriksen leidde. Og då eg leidde forskingsseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, arbeidde me saman i ulike samanhengar, ikkje minst då han fungerte som forskingsleiar ved Sosialantropologisk institutt for ikkje så lenge sidan.
— Om du kunne valt heilt fritt, kven vil du ha som den neste statsråden for forsking og høgare utdanning?
— Visjonen er kanskje viktigare enn personen. Helst ein frå sektoren som jobbar for heile breidda. Ein som ser det fortreffelege med grunnforskinga nettopp fordi ho ofte løyser samfunnsutfordringar me kanskje ikkje er klar over enno. Me treng ein statsråd som ser lenger enn det samfunnet treng akkurat no. Me treng samstundes ein statsråd som òg legg til rette for profesjonsutdanning og meir praksisnær forsking.
Fire kjappe:
— Fullfør setninga: Om eg var rektor for ein dag ville eg …
— … halde fram med å
utvikla KRUS strategisk, fagleg og organisatorisk, sidan direktør ved KRUS
svarar til tilsett rektor ved andre ved andre høgskular og universitet.
— Kva står på julemenyen?
— Ribbe på julaftan, pinnekjøt 2. eller 3. dag
— Kva gler du deg minst til med jula?
— Å feie barnåler under juletreet
— Kva MÅ vera på plass for at det skal bli ekte jul?
— Laptopen i sekken, familien samla og ei bok i handa.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut