Adventsprat
Ville valt seg Hagtvet som statsråd
Ho er frustrert over at det tek så lang tid å få tilgang til forskingsmateriale, og skulle gjerne hatt Bernt Hagtvet som statsråd.
Khrono har intervjua eit knippe interessante personar i akademia på e-post om året som snart er over og om året som kjem.
Intervjua kan du lesa fram mot jul.
Astrid Eriksen arbeider som forskar ved Senter for samisk helseforsking ved UiT Noregs arktiske universitet. Konkret inneber dette å forska på helse og eventuelle skilnader i vilkår mellom den samiske og den ikkje-samiske delen av folket, å formidla kunnskap, og å delta i samfunnsdebatt.
— Kva er det beste og det verste som har skjedd deg i jobbsamanheng i 2024?
— Det beste er ekstraløyvinga som kom på statsbudsjettet for å finansiera og gjennomføra SAMINOR 3, ei helse- og levekårsundersøking i fleirkulturelle område frå Engedal i sør til Nordkapp i nord! Det verste har vore kompliserte søknadsprosessar med svært lang handsamingstid for å få tilgang til og lov til å bruka data for å gjennomføra forsking.
— Kva er det beste og verste som kan skje i 2025?
— Det verste vil vera om globale konfliktar spissar seg enno meir til og om Russland vinn krigen i Ukraina. Det beste er om dette ikkje skjer.
— Korleis pregar den økonomiske situasjonen i sektoren arbeidskvardagen din?
— Ei stadig jakt etter finansiering forstyrrar og utset forskinga for senteret.
— Kven i akademia fortener ei julestjerne?
— Ph.d.-studenten vår Tone Engen fortener ei julestjerne for ein solid forskingsinnsats i eit utfordrande forskingsfelt!
— Om du kunne valt heilt fritt, kven vil du ha som den neste statsråden for forsking og høgare utdanning?
— Bernt Hagtvet for tankane hans om forskings- og profesjonskompetanse og vilkår.
Fire kjappe:
— Fullfør setninga: Om eg var rektor for ein dag …
— … ville eg gjeve dei tilsette større rom til å la studentane kjenna seg sett og utfordra til kritisk tenking.
— Kva står på julemenyen?
— Pinnekjøt og riskrem!
— Kva gler du deg minst til med jula?
— Å vaska huset …
— Kva MÅ vera på plass for at det skal bli ekte jul?
— Smørbukk og familie
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut