studiestart
Tjuvstarta på studiestart med mattekurs: — Får skrudd på hjernen
Fleire universitet og høgskular tilbyr oppfriskingskurs i matematikk veka før studiestart. Ei øving på kvardagen, seier ferske ingeniørstudentar.
— Det er ei slags øving på kvardagen, seier Isak Sæterstøl Olsen.
Saman med over hundre andre komande ingeniør- og landmålingsstudentar har han meldt seg på eit oppfriskingskurs i matematikk. Fire dagar før ordinær studiestart er fylt med rekning for 19-åringen, som frå 12. august byrjar på ei bachelorutdanning for å verta kjemiingeniør.
Høgskulen på Vestlandet tilbyr eit slikt kurs for studentar både i Bergen, Haugesund og Førde. Liknande tilbod får ein mellom anna ved NTNU, Høgskolen i Molde og Universitetet i Bergen.
Ved Universitetet i Bergen har ein hatt eit kurs i femten år, kunne Khrono melda i 2018. Det er for realfagsstudentar som skal ta innføringsemne i matematikk, og som på HVL er det oppfrisking av vidaregåande-pensum som står på dagsordenen.
Full konsentrasjon
Det er full konsentrasjon i to ulike undervisningsrom på Kronstad i Bergen. Dei komande studentane har fått oppgåver i trigonometri denne dagen.
— Eg har sagt til studentane at dette er 110 prosent frivillig, seier Aasmund Kvamme.
Han er høgskulelektor på ingeniørstudiet ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen og underviser dei som no har meldt seg til mattekurs.
Dette er ikkje studentar som treng forkurs, men studentar som rett og slett ønskjer seg litt oppfrisking.
— Ein kan seia at eg går gjennom verktøykassen. Eg underviser i dei mest sentrale temaa. Det er ting studentane lærte på vidaregåande, det er ingen nye tema no, seier Kvamme.
— Og me veit noko om kva dei strevar med, seier Kristine Selvikvåg Lundervold, studiekoordinator og sjølv høgskulelektor i matematikk. No går ho rundt med blå hettejakke for at ferske studentar skal skjøna at ho er ei av dei som dei kan spørja til råds.
— Sikkert lurt å få med seg
Kvamme seier smilande at fleire av årets studentar kunne fortelja at det var mange år sidan førre økt med matematikk.
Andre vil ha litt oppfrisking sjølv om det ikkje er så mange år sidan sist.
— Det er trass alt to år sidan sist eg hadde matte. Eg tenkte at når høgskulen tilbyr dette, er det berre lurt å vera med. Det er sikkert noko eg kan ha nytte av, seier Kristin Reed-Larsen (21).
— Og dersom ein vil gjera det bra, er det lurt å ta med seg alle moglegheiter ein møter på vegen, seier Samer Sharaquia (19).
Han har hatt eit friår etter vidaregåande skule og skal verta byggingeniør. Reed-Larsen skal verta maskiningeniør.
Isak Sæterstøl Olsen avslutta vidaregåande skule i vår, og har som dei andre to hatt R2-matte, som er det høgaste nivået frå vidaregåande skule.
— Men det er greitt å få vita litt om kva som er viktigast frå vidaregåande, seier han.
Det første semesteret skal ingeniørstudentane ha eit felles mattefag.
Vert kjende
Dei tre komande studentane synest det er greitt å koma i gang nokre dagar før dei andre: Gjera seg kjende i bygget, få på plass det som trengst av tilgangar.
— Og verta kjende med kvarandre på ein annan måte, seier Reed-Larsen.
— Ja, her er det meir naturleg å verta kjent, legg Sharaquia til.
— Og så får ein skrudd på hjernen. Eg har berre hatt ferie i sommar.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut