Adventsprat
NTL-leiaren meiner det verste i 2024 var avgjerda til Rikslønsnemnda
2024 baud på nederlag i Rikslønsnemnda. No fryktar forbundsleiaren i NTL borgarleg valsiger i 2025 og mindre pengar til forsking.
Khrono har intervjua eit knippe personar i akademia på e-post om året som snart er over og om året som kjem.
Intervjua kan du lesa fram mot jul.
Kjersti Barsok kjem frå Kongsberg, men bur i Oslo. Ho er forbundsleiar i NTL. Ho seier at det viktigaste i vervet som forbundsleiar i NTL er løns- og arbeidsvilkåra til medlemene.
— Kva er det beste og det verste som har skjedd deg i jobbsamanheng i 2024?
— Det verste i 2024 er at Rikslønsnemnda dømde oss inn på avtalen medlemene i staten sa nei til. Kampen for lønsutvikling til alle held fram. Det beste er at Elisabeth Steen frå NTL vart ny leiar av LO Stat, at budsjettforliket sikra stans i arbeidet med gruvedrift på havbotnen, betre studentøkonomi, og meir sosial profil og at NTL fekk medlemsrekord i år med over 57.500 medlemer.
— Kva er det beste og verste som kan skje i 2025?
— Det verste som kan skje i 2025 er om det vert eit borgarleg fleirtal på Stortinget. Det vil bety kutt i offentleg sektor, svekt beredskap og mindre støtte til forsking. For 2025 ynskjer eg fred, solidaritet, nedkjemping av fattigdom og at me når berekraftsmåla.
— Korleis pregar den økonomiske situasjonen i sektoren arbeidskvardagen din?
— Mange institusjonar driv med nedbemanning, og det pregar kvardagen til mange av oss. Me arbeider for at ingen skal misse jobben sin, med støtte til dei tilsette som er råka og for å påverka dei overordna prosessane. Samstundes arbeider me for å auka finansieringa til institusjonane.
— Kven i akademia fortener ei julestjerne?
— Det må verta ei julestjerne til alle dei tillitsvalde i NTL som no skal i gang med lokale lønsforhandlingar. Me veit at dei er gode til å verna om interessene til medlemene lokalt, men dei har eit stort ansvar. Kvar og ein av dei fortener verkeleg ei julestjerne for den jobben dei gjer for medlemene våre.
— Om du kunne valt heilt fritt, kven vil du ha som den neste statsråden for forsking og høgare utdanning?
— Då hadde eg valt fyrste nestleiar i NTL Ellen Dalen eller avtroppande fyrstesekretær i LO, Julie Lødrup. Begge kan sikra god finansiering, styrkja samarbeidet mellom akademia og arbeidsliv, prioritera forsking for klima og miljø, og få fart på tillitsreforma. Begge har solid erfaring og vil vera viktige for sektoren.
Fire kjappe:
— Fullfør setninga: Om eg var rektor for ein dag ville eg …
— … sporenstreks ringd ansvarleg statsråd og bede om eit møte for å diskutera tiltak og lovendringar for å få ned bruken av mellombels tilsette i akademia. Og samstundes argumentert for at sektoren treng økonomisk handlingsrom for å hindra oppseiingar og svekking av fagmiljø.
— Kva står på julemenyen?
— Ribbe og mamma og pappa sine heimelaga medisterkaker med raudkål og alt som høyrer til. Og ein passande kvitvin. Til dessert blir det heimelaga (og -plukka) moltekrem.
— Kva gler du deg minst til med jula?
— Endå ei jul i ei uroleg verd. Krigen i Ukraina held fram, og lidingane i Gaza, Afghanistan, Sør-Sudan, Kongo og Jemen er hjarteskjerande. Advent minner oss om det internasjonale arbeidet vårt og at me er del av ei global solidaritetsrørsle. Verda treng meir internasjonalt samarbeid no.
— Kva MÅ vera på plass for at det skal bli ekte jul?
— Familien må vera samla, helst så mange som råd, og så må det spelast julemusikk. Aller helst skal det vera snø og godt skiføre.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut