32 millionar til studentar som har praksis

Sveinung Engeland
oddmund hoel sykepleieutdanning praksisplasser

Meir enn 2500 studentar på helse- og sosialutdanningar vil få støtte i årets tildeling av bu- og reisestøtte i samband med praksis. I alt 31,9 millionar kroner blir delt ut.

Det er dei studentane som har fått praksis lengst unna campus som blir prioriterte, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Bakgrunnen for ordninga er at mange studentar må reise langt til praksisplassen sin i helse- og sosialutdanningar. Mangelen på praksisplassar er stor. Når studentane får dekka slike utgifter, betyr det at utdanningsinstitusjonane lettare kan legge opp til praksisplassar lengre vekk frå campus.

– No får fleire tusen studentar støtte til ein praksisplass, og kommunane kan tiltrekke seg studentar. Det er vinn-vinn for alle, og eit målretta grep for å for å styrke tilgangen på helsepersonell i distriktskommunane. Vi veit at studentar som har vore i praksis i ein kommune, ofte tar jobb der etterpå også, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Powered by Labrador CMS