universitetet i oslo
Ingen vil ha pengar og råd for å boikotte Israel
UiO ønskte å hjelpe prosjekt og forskarar som ville «terminere pågående samarbeid» — men ingen vil kutte linjene til Israel.
Ingen har så langt
tatt imot tilbodet om hjelp og støtte til å stanse forskingssamarbeid med
israelske samarbeidspartnarar, skriv Uniforum.
Det var ikkje fleirtal for å innføre akademisk boikott av Israel då saka var oppe i universitetsstyret 14. mai — derimot gjorde styret eit vedtak som la til rette for personlege boikottar.
Universitetet i Oslo (UiO) skulle «sikre at forskere som ønsker å terminere pågående samarbeid får støtte i vurderinger og oppfølging». I tillegg skulle eventuelle «økonomiske konsekvensar» takast hand om sentralt, kom styret fram til.
Nei, takk
No skal universitetsdirektør Arne Benjaminsen ha kontakta alle relevante prosjektleiarar og instituttleiarar med tilbodet. Alle har meldt tilbake, og svaret frå alle er «nei, takk».
Blant dei spurte har ingen planar om å boikotte eller kutte samarbeid med israelske partnarar.
— Ingen av prosjektleiarane ønskte å avslutte allereie inngåtte avtalar, uttaler Benjaminsen til Uniforum.
Universitetsdirektøren opplyser at tilbodet framleis står ved lag.
— Det er inga tidsavgrensing på dette tiltaket.
Knapt fleirtal
Tilropa frå dei 200 demonstrantane som stilte seg opp utanfor Professorboligen 14. mai fekk ikkje UiO-styret til å gå inn for akademisk boikott av Israel. Med knappast mogleg fleirtal vart forslaget stemt ned.
I staden opna styret for at enkeltpersonar og forskarar med prosjekt på UiO kunne gjennomføre sine eigen boikottar og få råd og hjelp til å avslutte samarbeidsprosjekt.
UiO har ingen institusjonelle samarbeidsavtalar med Israel. Universitetet har heller ingen aktive utvekslingsavtalar.
Styret vedtok også ei liste av erklæringar og krav, som ifølgje Benjaminsen er formidla i brev til Utanriksdepartementet. Blant desse var fordømming av «alle brudd på folkeretten» og «ødeleggelsen av forsknings- og utdanningssektoren i Gaza hvor studenter og universitetsansatte er blitt ofre».
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut