Min doktorgrad
I 2020 skulle ho på feltarbeid i Sverige. Det gjekk ikkje så bra
Anne Helene Høyland Mork skulle skriva ei notidig avhandling med ein historisk del. Så kom ein viss pandemi og gjorde om på planane hennar.
— Først: Kva er det du har skrive avhandling om?
— Eg har sett på synet på historie og historieundervisning med utgangspunkt i norske og svenske gymnas i perioden 1920—1960. Eg har særleg undersøkt syn på historieundervisning i lys av reformpedagogiske idear og syn på danning.
— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
— Eg har sjølv jobba som lektor og undervist i historie i den vidaregåande skulen. Nokre av spørsmåla eg møtte var kvifor ein skulle ha undervisning i historie, og på kva måte ein skulle undervisa. Eg leverte hovudfagsoppgåve i 2005, og då skreiv eg om synet på unionen mellom Noreg og Sverige (1814—1905) i norske og svenske lærebøker. Det å samanlikna Noreg og Sverige var difor nærliggande. Doktorgraden min skulle eigentleg vera meir didaktisk og notidig, med ein historisk del, men eg starta med arbeidet hausten 2020 … Det å skulle koma inn på skulane for å intervjua og observera var umogleg, og det tok lang tid før eg kunne reisa til Sverige.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Eg har skrive ei artikkelbasert avhandling. Eg har analysert utdanningsplanar i historie som vart brukt i norske og svenske gymnas i perioden, og sett på ideane knytt til kvifor ein skulle ha historieundervisning, kva ein skulle undervisa om og korleis ein skulle undervisa. Dette har eg relatert til ulike danningsideal. Eg har òg sett på to skular, ein norsk og ein svensk, og sett på utforming av nye skulebygg i denne perioden: Kva rolle spelte historiebruk og pedagogiske idear i utforminga av desse? I tillegg har eg analysert tekstar skrivne av norske lektorar der dei diskuterer historiefaget.
— Kva finn du?
— Historieundervisninga har vore tiltenkt ulike oppgåver og formål, og spenningar mellom ulike formål kjem til uttrykk både i planane og i lektorane sine tekstar. Dette er òg ein periode der reformpedagogiske idear om meir elevaktiv undervisning spelar ei viktig rolle i skuledebatten. Desse ideane er svært mangfaldige. Innhald og kunnskap er viktig gjennom heile perioden, men ein ser at det vert lagt aukande vekt på eleven og eleven sine dugleikar. I dei norske lektorane sine tekstar er det ein skilnad mellom å ha det nasjonale som hovudmål for historieundervisning og det å ha demokratisering som det viktigaste målet. Ein ser skilnader mellom Sverige og Noreg gjennom denne perioden: Dei svenske planane viser ei endring i synet på nasjonen i løpet av perioden, medan i Noreg ser ein ei tydelegare endring i syn på elevane.
Eg skreiv ei artikkelbasert avhandling, så å skriva kappen synest eg var krevjande — men spanande.
Anne Helene Høyland Mork
— Perioden du skriv om, inneheld mellom anna ein verdskrig. Ser ein nokre tankar om det å undervisa om denne, og om eiga samtid?
— Gjennom heile perioden er det å forstå den tida ein lever i eit viktig mål for historieundervisninga. Det er ikkje så mange formuleringar som direkte handlar om andre verdskrigen. Men dei norske lektorane i studien valde ulike sider under krigen. Den eine av dei gjekk inn i NS, og etter krigen skreiv han ein kritikk av framstillinga av andre verdskrigen i lærebøker. I undervisningsplanane ser ein ei sterkare vektlegging av demokrati etter krigen og, særleg i Sverige, ei større oppmoding til kritisk tenking.
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?
— Det var krevjande å byrja midt i ein pandemi. Men eg var ein del av ein veldig god forskarskule i Sverige, og dei byrja å ta i bruk digitale løysingar med ein gong. Noko anna eg syntest var vanskeleg, var å halda på den raude tråden. Eg skreiv ei artikkelbasert avhandling, så å skriva kappen synest eg var krevjande — men spanande.
— Du har jobba utanfor akademia. Er det ein fordel når ein skal ta doktorgrad?
— Ja, det trur eg absolutt. Eg er både lærar og historikar. Det å få høve til å gå djupt inn i stoffet slik eg har gjort no, synest eg har vore veldig inspirerande. Eg sakna undervisning då eg jobba med doktorgraden, men det var godt å få dykka ned.
— Angra du på at du gjekk i gang?
— Eg har ikkje angra, men det var nokre periodar som var tyngre enn andre — og ting skjedde elles i livet. Eg synest innspurten var krevjande, då var det vanskeleg å ha skikkeleg oversikt.
— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?
— Eg har fått eit toårig vikariat ved NLA Høgskolen i Oslo. Det trivst eg veldig godt med! Her underviser eg lærarstudentar. I tillegg held eg fram med å forska og skriva. Eg har nyleg publisert ein artikkel i Historisk tidsskrift som er basert på elevreferat frå 1940-talet.