kunstig intelligens
Her er forskaren sine råd til korleis bruka ChatGPT
Ein må vita kva ein språkmodell som ChatGPT er flink til, seier NHH-forskar. — Det er lett å melda høgt at ChatGPT ikkje fungerer.
Professoren spurde ChatGPT om tips til litteratur — og fekk til svar at ho burde lesa ei bok der ho sjølv var forfattar. Det var berre eitt problem: Boka finst ikkje.
Men det er ikkje så rart at ein får tips som ikkje har rot i røynda, seier ein annan forskar.
Ingar Kyrkjebø Haaland er førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole (NHH) og er mellom ansvarleg for masterkurset «Transforming business with AI».
— Ein må finna gode måtar å nytta dette verktøyet på, seier han.
— Og ein må vita noko om kva ein språkmodell som ChatGPT ikkje er god til.
Slik gjer han det
ChatGPT kan brukast til å både auka kreativiteten og produktiviteten til ein forskar, seier Haaland.
— Han er god til oppgåver ein kan gjera sjølv, men der det går kjappare om chatboten gjer det, seier Haaland.
Han åtvarar samstundes mot ein annan type bruk:
— Dersom ein ber om at det skal løysast problem ein ikkje kan klara sjølv, korleis kan ein då sjekka om det som kjem ut er rett?
Det førsteamanuensen mellom anna brukar ChatGPT til, er å setja om tekst frå norsk til engelsk og til å løysa kodeproblem. Han ber òg ChatGPT om å gjera same operasjon mange gongar, til dømes med store datasett.
Men då er det ikkje nok med den gratisversjonen mange brukar. Ein må for det første ha betalingsversjon av språkmodellen, og for det andre er det nokre oppgåver der same operasjon skal verta gjenteken mange gongar der ein må senda materialet direkte til ein servar — ikkje gjennom chattefunksjonen.
Må seia kva ein vil
Khrono skreiv òg om ein annan professor, som opplevde at ei novelle han skulle ha skrive vart sitert i ei kommunal utgreiing. Tipp om professoren hadde skrive denne teksten?
— Det er lett å melda høgt at ChatGPT ikkje fungerer, seier Haaland.
Igjen peikar han på at ein må vera medviten om kva ein ber om. Omgrepet ein gjerne brukar, er prompting. Ein prompt er ei melding til chatboten, som gjer at han kan forstå kva du er ute etter.
Men ein må vera meir presis enn det, seier Haaland, og viser til omgrepet «prompt engineering» — på norsk gjerne omsett til effektiv instruksjonsutforming. Spørsmål og instruksjonar må vera utforma på ein måte som gjer at du får ein ønskt respons, og ein må seia noko om kven ein er og kva ein skal bruka informasjonen til.
— Ein må òg skildra til dømes i kva form ein vil ha ut datasett, seier førsteamanuensen.
Har ikkje tru på tradisjonell heimeeksamen
Håland er ikkje i tvil om at kunstig intelligens vert viktigare og viktigare. Til NHH-kurset han har ansvar for hentar han inn representantar frå næringslivet, mellom anna frå oljefondet og bankar.
— I næringslivet jobbar alle med dette no, og 25 prosent av Google si koding vert gjort ved hjelp av kunstig intelligens.
— Korleis brukar du KI i undervisninga di?
— Det er ingen tvil om at undervisninga vil verta omforma. Eg har nokre kurs der studentane har skuleeksamen, eg trur det vert naivt å halda fram med heimeeksamen som før utan å ta høgd for at ChatGPT vert betre og betre. Men i Transforming business-kurset er det eit poeng at studentane skal nytta språkmodellen, seier Haaland.
Han seier at studentane skal levera ei semesteroppgåve der dei skal bruka store språkmodellar til å analysera store datasett. Dei skal kunne visa kva dei har spurt modellen om — og kva dei har fått til svar.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut