Universitetet i Bergen
Han blir lova fast jobb, men universitetet veit ikkje kva jobben er
Sterke protestar førte ikkje fram då Universitetet i Bergen dumpa Eirik Hovden til fordel for ein fagleg svakare kandidat. No blir han likevel lova jobb.
«Ikke aktuelt med en oppsigelsesprosess», heiter det i eit brev som vart sendt frå HR-avdelinga ved Det humanistiske fakultet til fagforeininga NTL på tampen av 2024.
— Han har fast stilling som forskar. Det kjem vi ikkje til å endre på, seier leiar ved HR-seksjonen ved fakultetet, Arve Sennesvik.
Han stadfestar til Khrono at Eirik Hovden vidare vil ha det same stillingsvernet som andre fast tilsette ved universitetet.
Framleis er det ikkje kjent kva Hovden skal arbeide med, men fakultetet har lova å «vurdere videre muligheter». Forskarstillinga han går ut av, har vore delt mellom Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) og Institutt for framandspråk (IF).
Opprop og kritikk
Både lokalt, nasjonalt og internasjonalt vekte det sterke reaksjonar då Khrono fortalde om tilsettingsprosessen der Hovden vart sett til side, trass i at han var blitt vurdert som den fagleg best kvalifiserte kandidaten til ei forskarstilling han søkte på.
Forskarar frå 17 land skreiv under eit opprop. Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt meinte rettstryggleiken stod på spel. Eit medlem frå den sakkunnige komiteen, som vurderte Hovden til stillinga, rykte ut med knallhard kritikk av fakultetet og universitetet.
Saka førte også til rabalder i fakultetsstyret då tilsettinga skulle avgjerast der. Trass i at Hovden ikkje var blitt innstilt av instituttleiarane, kom saka til slutt på bordet. Etter to møter, og med knappast mogleg margin, stemte fakultetsstyret for å ikkje tilsette Hovden.
Han vart som følgje av saka stemt fram som ein av finalistane til «Årets namn i akademia» i 2024.
Vurdert som best
Hovden var i fire år leiar for Cancode, ei forskargruppe ved Universitetet i Bergen som har undersøkt endringsprosessar i islamsk lov. Prosjektet var delvis finansiert med støtte frå Trond Mohn forskningsstiftelse.
Som ledd i avtalen med stiftelsen forplikta universitetet seg til å opprette ei forskarstilling i forlenginga av prosjektet, i det aktuelle fagfeltet. Hovden søkte stillinga, og han vart vurdert som den sterkaste kandidaten av dei faglege ekspertane.
Men då innstillinga frå instituttleiarane med ansvar for stillinga blei sendt til fakultetsstyret, var Hovdens namn fjerna. Vurderingane som låg til grunn, var hemmelege.
Dekan: Ingen kommentar
Det blir no opp til Humanistisk fakultet å finne ut kva slags innhald stillinga til Eirik Hovden skal ha framover — og å finne pengane til dette, som det i utgangspunktet ikkje er budsjettert for.
Dekan ved fakultetet, Camilla Brautaset, har ingen kommentar til saka.
Hovden ønskjer førebels ikkje å gi nokon kommentar, og viser til advokat Silje Hassellund Solberg, som handterer saka på vegne av NTL. Ho seier til Khrono at dei vil vente på kva UiB vil gjere vidare.
Nyeste artikler
Trakk Harald Eia opp av valghatten
Nytt direktorat skal hjelpe akademia med å håndtere eksportkontroll
Demonstrerte mot kunnskapsdrap. — Alle Gazas universiteter har blitt bombet
Merittering av utdanning
Han blir lova fast jobb, men universitetet veit ikkje kva jobben er
Mest lest
Finland svartelister 271 tidsskrifter
Foreslår å legge ned landets lærerutdanninger: — Det er skolekrise
Studentene strømmer til det finske lærerstudiet. — Norge må lære av Finland
Akademikere i møte med total kunnskapsløshet
Skuldingar om juks har hange over professoren i fire år. No skal høgskulen ta stilling til saka