Min doktorgrad

På besøk i Ny-Ålesund, eit samfunn av og for forskarar. Tiril Vold Hansen har vore fleire gongar på Svalbard i stipendiatperioden, mellom anna budde ho ein månad i Longyearbyen.

Hadde ønskt seg eit signal om framtida

Tiril Vold Hansen leverte avhandlinga si nesten eit halvt år før tida. Å skriva doktorgrad synest ho stort sett berre var kjekt — det var usikkerheita knytt til kva som kjem etterpå som var mest krevjande.

— Kan du, heilt kort, seia kva du har skrive avhandling om?

— Eg har forska på makt og interesser i norsk Svalbard-politikk. Det skjer store endringar på Svalbard, både når det handlar om klima, demografi og geopolitikk. Kolindustrien er på veg ut, medan turisme og forsking er på veg opp. Korleis kan den norske regjeringa balansera nærværet sitt i ei tid med endring?

FAKTA

Tiril Vold Hansen

  • Har levert avhandlinga «Power and Interests in Norway’s Svalbard Policies»
  • Disputerte ved Nord universitet 17. desember 2024

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Eg har lenge vore oppteken av nordområda og Svalbard. Eg tok bacheloren min ved Nord universitet, og eg skreiv master om snøkrabbedisputen. Etter å ha levert master såg eg på utlysingar av stipendiatstillingar. Dette var ei ganske open utlysing der eg kunne kombinera interesse for klima, energi og geopolitikk. Eg designa prosjektet mitt sjølv, det var lærerikt!

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Hausten 2022 var eg på feltarbeid på Svalbard, då budde eg ein månad i Longyearbyen. Eg har i tillegg gjort mange intervju på fastlandet. Mykje av den forskinga som er gjort på forholda på Svalbard har fokus på internasjonal politikk og juss. Eg ville ha dei lokale stemmene med.

— Kven er det eigentleg som bur på Svalbard?

— Innbyggjarane i Longyearbyen vert ei stadig meir internasjonal gruppe. Det har jo vore eit gruvesamfunn, men no er meir enn 30 prosent av innbyggjarane ikkje-norske. I Barentsburg og Pyramiden bur det russarar, og Ny-Ålesund er eit samfunn av og for forskarar.

— Kva finn du i arbeidet med avhandlinga?

— Eit av hovudfunna er at strengare miljøpolitikk kan vera ei løysing for å styrka den norske råderetten. Dette kan gjera det vanskelegare for reiselivet. På den eine sida kan dette bety fleire norske stillingar, til dømes hos Sysselmeisteren, på den andre sida kan ein då peika på miljøpolitikk, ikkje geopolitikk. I 2024 kom det endringar i svalbardmiljølova, som seier noko om mellom anna kor mange personar som kan stiga i land på Svalbard, til dømes frå cruiseskip, og om avstand til både isbjørn, kvalross og fuglefjell.

Sjølv om ein held på med noko som ein verkeleg interesserer seg for, kan det vera vanskeleg å få seg ein relevant jobb etter at ein har levert avhandlinga.

Tiril Vold Hansen

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Først og fremst synest eg det har vore veldig artig å få forska på noko eg sjølv interesserte meg for. Eg har hatt gode rettleiarar som har vore flinke til å trekka meg med. Det som har vore krevjande, er eigentleg det som kjem etterpå: Sjølv om ein held på med noko som ein verkeleg interesserer seg for, kan det vera vanskeleg å få seg ein relevant jobb etter at ein har levert avhandlinga. Dette er nok ikkje lettare enn før, med stramme budsjett. Det burde vera mogleg å kunne gi unge forskarar eit signal: «Me ønskjer deg som stipendiat, fordi du er den me ønskjer å ha med vidare». Sjølv var eg veldig heldig, eg fekk tilbod om fast stilling ei veke før eg skulle disputera.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kom du i mål til normert tid?

— Eg leverte nesten eit halvt år før tida.

— Oi! Korleis går det an?

— Den eine rettleiaren min sa «eg trur du kan levera i juni». «Okey», sa eg. Eg kom tidleg i gang med skrivinga. Den første artikkelen eg fekk godkjend, var noko som begynte som ei oppgåve til eit metodekurs. Så då følte eg at eg knekte i alle fall litt av koden. Det kan vera vanskeleg å koma i gang med skriving av vitskaplege artiklar, og eg òg kjende på at det var krevjande å gi frå seg tekstar som eg ikkje var heilt nøgd med eller tenkte at ikkje var heilt ferdige. Det trur eg er noko ein må læra seg.

— Og no har du altså fast jobb?

— Ja, eg har fått fast stilling hos Nordlandsforsking, så eg får halda fram med forskinga. No jobbar eg mellom anna med permafrost i Longyearbyen.

Powered by Labrador CMS